Wilfried held opp ein kvit og ein svart "bol" for å demonstrera.
Sauene her oppe i fjella er svært hardføre, som naturen sjølv. Det er også den einaste rasen med kolsvart ull, ikkje brun-svart som på andre "svarte" sauer.
Wilfried viser fram svart og kvit ull frå hardfør sauerase. "Dei har den veste ulla for teppene!" konstanterer han. Han veit kva han snakkar om. |
Teppeprosjektet til Wilfried i landsbyen Amassine er resultat av 16 års forsking, arbeid og tolmot. Han har traska frå landsby til landsby her i fjellheimen for å kartleggja gamle teknikkar og finna den beste kvaliteten både på veving og råmateriale. Professoren har sjølv grave i jorda etter røter og henta greiner og strå til farging av ulla, eit arbeid han i starten utførte eigenhendig frå tidleg morgon til seine kvelden. Deretter lærte han opp kvinnene i landsbyen og tilsette lokale folk til å driva prosjektet. Det var utruleg spennande å sjå prosessen frå rå ull, til karding og spinning, farging, knytting og veving av teppa. Og eg har med sjølvsyn sett at dei borgar for den kvaliteten dei vert selde for. Og prøvd kor vanskeleg det er å knytta desse små, harde knutane. Her fins ikkje juks!
Dei tre basisfargane rødt, gult og indigo er framstilte av ulike naturvekster. Gult kjem frå ein plante som heiter fargereseda, den røde fargen frå røter av krapprota mens fargeprosessen for indigo er ein annleis og meir omstendeleg prosess og kallast kypefarging. Indigo er same fargen som fins i dongeri. Men i motsetning til indigofarga bomull, bleiknar ikkje indigofarga ull.
Fargenyansar vert framstilt ved å forlenga den tida ullgarnet ligg i fargebadet. Dette er ein heil vitskap å følga med på. Viss dei f.eks. ville ha djupare rødfarge, måtte garnet liggja 7 sekund lenger i fargebadet. Dei måtte passa nøye på, for låg det lenger ville fargen "venda" og koma ut bleikare enn opprinneleg. Fargebadet måtte heller ikkje vera for varmt, for det øydelegg naturlege stoff i ulla og svekkar kvaliteten. Etter farging vert garnet hengt opp til tørk før knytting og veving tek til.
Fargenyansar vert framstilt ved å forlenga den tida ullgarnet ligg i fargebadet. Dette er ein heil vitskap å følga med på. Viss dei f.eks. ville ha djupare rødfarge, måtte garnet liggja 7 sekund lenger i fargebadet. Dei måtte passa nøye på, for låg det lenger ville fargen "venda" og koma ut bleikare enn opprinneleg. Fargebadet måtte heller ikkje vera for varmt, for det øydelegg naturlege stoff i ulla og svekkar kvaliteten. Etter farging vert garnet hengt opp til tørk før knytting og veving tek til.
Garn i mange fargenyanser heng til tørk i gardsromet |
Ulla vert kamma med eit gamalt reidskap som Wilfried fann i heimane til folk, men som ingen lenger hugsa kva dei skulle nyttast til. Nå veit dei det. |
Imponerande teknikk |
Karding, spinning og knytting føregår i mang ein heim i landsbyen. Men Wilfried var nøye med ikkje å gjera innbyggjarane der hundre prosent avhengige av han og Ait-Khotzema-prosjektet. Derfor produserer dei same kvinnene tepper også for andre forhandlarar. Desse teppa har ikkje same kvaliteten: ulla vert importert frå Australia og garnet er kjemisk farga.
Teppeindustrien skal ein jammen ha kunnskap om for å få ekte vare.
Denne kunnskapen delte Wilfried Stanzer raust med oss - og som med alle ekte ting oppstår ekte kjærleik. Både for oss som fekk bli med til landsbyen, ta del i livet der oppe og kjøpe med oss tepper heim - til stoltheita hos alle dei involverte i produksjonen. Og ikkje minst for Wilfreid sjølv: Ait-Khotzema-prosjektet er hjartebarnet hans. Måtte det overleva, og teppa finna gode heimar rundt om i verda i lang tid framover; "Bismillah!" - dette arabiske ordet me vart så fortrulege med, standarduttrykket til Wilfried kvar gong me avslutta eitt eller anna, det vere seg eit måltid, ein tur, ein handel eller eit møte, men som eigentleg tyder "I Allahs namn". "Eg sit bare her og ventar at Wilfried skal dukka opp bak ei av søylene her med sitt bismillah" sa Lisa, då me sat på Gatwick flyplass i London og venta på siste fly heim.
For dei som vil, er det råd å melda seg på liknande tur. Meir info på Galleri Dobag si nettside
"Bismillah..."
"Bismillah..."
Me benka oss på puter i heimen hos kvinnene som karda og spann ulla, og fekk servert kaker og te før oppvising av gamle teknikkar. F.v.: Wenche, Lisa, Renate, Borgar, Sigfred og Katarina |
Helga hadde fått tatovert hennamønster på hendene sine i Marrakesh. Kvaliteten på mønster og teknikk måtte gi tapt samanlikna med landsbykvinna si tatovering. |
Sjølv om me fekk servert kaker, brukar marokkanarane helst frukt til dessert. Appelsina dyrkar dei sjølv og er SØTE! Her servert med kanel. Mmm, godt! |
Naturen sjølv gir inspirasjon til fargekomposisjonar som me finn att i teppa. |
Tepper for sal. Mange av desse vart med heim for vidaresal i Galleri Dobag i Oslo. Einaste utsalsstad i Europa - forutan i Østerrike, Wilfried Stanzer sitt heimland. |