fredag 8. juni 2012

Tepper!

"Du finn ikkje maken til kvalitet som denne ulla!"
Wilfried held opp ein kvit og ein svart "bol" for å demonstrera. 



Sauene her oppe i fjella er svært hardføre, som naturen sjølv. Det er også den einaste rasen med kolsvart ull, ikkje brun-svart som på andre "svarte" sauer. 
Wilfried viser fram svart og kvit ull frå hardfør
sauerase. "Dei har den veste ulla for teppene!"
konstanterer han. Han veit kva han snakkar om.
Prosessen frå klypping av sauene til ferdige tepper er lang, omstendeleg og svært arbeidkrevjande. Ulla vert skånsomt vaska og skylla fleire gonger i kalde fjellbekker. Så må ho kardast - eller kammast - og spinnast før dei kan kan ta til med knytting eller veving.
Teppeprosjektet til Wilfried i landsbyen Amassine er resultat av 16 års forsking, arbeid og tolmot. Han har traska frå landsby til landsby her i fjellheimen for å kartleggja gamle teknikkar og finna den beste kvaliteten både på veving og råmateriale. Professoren har sjølv grave i jorda etter røter og henta greiner og strå til farging av ulla, eit arbeid han i starten utførte eigenhendig frå tidleg morgon til seine kvelden. Deretter lærte han opp kvinnene i landsbyen og tilsette lokale folk til å driva prosjektet. Det var utruleg spennande å sjå prosessen frå rå ull, til karding og spinning, farging, knytting og veving av teppa. Og eg har med sjølvsyn sett at dei borgar for den kvaliteten dei vert selde for. Og prøvd kor vanskeleg det er å knytta desse små, harde knutane. Her fins ikkje juks! 
Arbeidsforholda til kvinnene i Amassine ligg så langt frå våre HMS-krav at det nesten ikkje er til å fatta at dei skaper slike vakre arbeid. Dette rommet var bare opplyst av ei lyspære til venstre for kvinna. Me som kom inn frå sollyset ute klarte neste ikkje sjå kva som føregjekk. Men slik sit dei, med beina i kors på ein sekk på golvet i opp til ti timar, for så å reisa seg som om dei nettopp hadde sett seg ned. Ingen stive og støle lemmer. Men STOLTE var dei av arbeida sine.
Dei tre basisfargane rødt, gult og indigo er framstilte av ulike naturvekster. Gult kjem frå ein plante som heiter fargereseda, den røde fargen frå røter av krapprota mens fargeprosessen for indigo er ein annleis og meir omstendeleg prosess og kallast kypefarging. Indigo er same fargen som fins i dongeri. Men i motsetning til indigofarga bomull, bleiknar ikkje indigofarga ull. 
Fargenyansar vert framstilt ved å forlenga den tida ullgarnet ligg i fargebadet. Dette er ein heil vitskap å følga med på. Viss dei f.eks. ville ha djupare rødfarge, måtte garnet liggja 7 sekund lenger i fargebadet. Dei måtte passa nøye på, for låg det lenger ville fargen "venda" og koma ut bleikare enn opprinneleg. Fargebadet måtte heller ikkje vera for varmt, for det øydelegg  naturlege stoff i ulla og svekkar kvaliteten. Etter farging vert garnet hengt opp til tørk før knytting og veving tek til. 
Garn i mange fargenyanser heng til tørk i gardsromet
Ulla vert kamma med eit gamalt reidskap som Wilfried
fann i heimane til folk, men som ingen lenger hugsa
kva dei skulle nyttast til. Nå veit dei det.
Imponerande teknikk
Karding med kammar har stor betydning for kvaliteten på garnet. Ved å bruka den gamle teknikken skil dei den kortfibra ulla, som er nærast kroppen til sauen, frå den langfibra ulla som på ein måte er sauen sin "regnfrakk". Det er glansen frå desse lange fibra som skil dei eldgamle teppa kvalitetsmessig frå dei meir moderne produserte - til Wilfried gjeninnførte dei gamle teknikkane i teppa som nå vert produsert for prosjektet hans. Den langfibra ulla vert såleis nytta til sjølve knutane og veven, mens den kortfibra ulla vert brukt i renningen. Det er tydeleg å sjå forskjell på desse to garnkvalitetane. Og jo meir ein trør og tråkkar på teppa, jo meir fram kjem glansen. Magi!
Karding, spinning og knytting føregår i mang ein heim i landsbyen. Men Wilfried var nøye med ikkje å gjera innbyggjarane der hundre prosent avhengige av han og Ait-Khotzema-prosjektet. Derfor produserer dei same kvinnene tepper også for andre forhandlarar. Desse teppa har ikkje same kvaliteten: ulla vert importert frå Australia og garnet er kjemisk farga. 


Teppeindustrien skal ein jammen ha kunnskap om for å få ekte vare.


Denne kunnskapen delte Wilfried Stanzer raust med oss - og som med alle ekte ting oppstår ekte kjærleik. Både for oss som fekk bli med til landsbyen, ta del i livet der oppe og kjøpe med oss tepper heim - til stoltheita hos alle dei involverte i produksjonen. Og ikkje minst for Wilfreid sjølv: Ait-Khotzema-prosjektet er hjartebarnet hans. Måtte det overleva, og teppa finna gode heimar rundt om i verda i lang tid framover; "Bismillah!" - dette arabiske ordet me vart så fortrulege med, standarduttrykket til Wilfried kvar gong me avslutta eitt eller anna, det vere seg eit måltid, ein tur, ein handel eller eit møte, men som eigentleg tyder "I Allahs namn". "Eg sit bare her og ventar at Wilfried skal dukka opp bak ei av søylene her med sitt bismillah" sa Lisa, då me sat på Gatwick flyplass i London og venta på siste fly heim. 

For dei som vil, er det råd å melda seg på liknande tur. Meir info på Galleri Dobag si nettside


"Bismillah..."

Me benka oss på puter i heimen hos kvinnene som karda og spann ulla, og fekk servert kaker og te før oppvising av gamle teknikkar.
F.v.: Wenche, Lisa, Renate, Borgar, Sigfred og Katarina
Helga hadde fått tatovert hennamønster på hendene sine i Marrakesh.
Kvaliteten på mønster og teknikk måtte gi tapt samanlikna med landsbykvinna si tatovering. 

Sjølv om me fekk servert kaker, brukar marokkanarane helst frukt til dessert.
Appelsina dyrkar dei sjølv og er SØTE! Her servert med kanel. Mmm, godt! 
Etter to timars vandring i storslått natur, venta ei stor overrasking: Wilfried og folka hans hadde frakta dusinvis av tepper opp i den vulkanske fjellheimen for å visa fram teppa i verdas mest spektakulære galleri. Forførarkunst av høg klasse!

Naturen sjølv gir inspirasjon til fargekomposisjonar som me finn att i teppa.
Tepper for sal. Mange av desse vart med heim for vidaresal i Galleri Dobag i Oslo. Einaste utsalsstad i Europa - forutan i Østerrike, Wilfried Stanzer sitt heimland. 

mandag 28. mai 2012

Amassine

Landsbyen Amassine ligg 2400 m over havet ein times køyring frå næraste hovudveg. Dei ca to tusen menneska som bur her lever av tradisjonelt jordbruk og dyrehald kombinert med sal av tepper knytt og vovne av kvinnene i landsbyen. Naturen rundt er storslått, men svært barsk. 
Landsbyen Amassine. Her med den eine av dei to minaretar.
I bakgrunnen skimtar me snødekte Atlasfjell
Gata vår, med esel i skytteltrafikk
"hjulbeint" nedlessa med tunge bører.
"Eg vakna til morgonrushet"
sa Ann neste morgon - ho hadde fått
rom med vindusgløgg ut mot gata og
eseltrafikken, og med nyskjerrige
ungar som fnisande glodde inn til henne.
"Nå er me heime" sa Helga etter at me hadde stolpra oss nedetter humpete "gater", og viste oss inn ei dør. Me var tause og glanande. Huset hadde tre etasjer. Me vart installert i øvste etasje i eit stort rom inndelt i smårom av fargerike tepper hengande frå snorer i taket. Romet var kun opplyst av ei einsleg lyspære som vart sløkt om natta. Elektrisiteten kom hit for bare 3-4 år sidan, og folk er sparsommelege med bruken. Lommelykt var eit "must".
Me fekk tildelt kvar vår madrass på golvet. Romet var iskaldt, men vart lunka litt opp før sengetid av ein liten gassomn som vart sløkt då me gjekk til køys. Toalettet var eit hol i golvet i første etasje og "badet" vasskjeler med varmt og kaldt vatn ute i gardsromet ved sokkeletasjen. Me vaska hender og pussa tenner mens me skylte og spytta oppi ei stor tønne ved sida av. Avfallsvatnet nytta dei til gjødsel. I øvste etasje var også ein stor overbygd terrasse kor me fekk servert måltida våre. Verda var totalt framand. Her skulle me bu! Men trass det framandarta - og for oss "primitive" levesettet - er dette eitt av dei finaste opphalda eg nokon gong har hatt på reise.  
Sengemadrassen min med teppevegger rundt
Helga ønsker velkommen til Amassine.
Her attmed "badet" ved gardsromet
Terrassen kor me fekk servert måltida våre - alltid etterfølgd av myntete 
Lisa. Frå terrassen med utsikt over Amassine. 
Me var framleis stille då me samlas på den overbygde terrassen i andre høgda i huset. "Dette er heilt som det skal vera" forklarte Helga. "Alle vert litt andektige første gong dei kjem hit."
Dei tradisjonelle husa er bygd rundt eit ope firkanta gardsrom, kor dyra har
opphaldsplass: kyr, sauer og høns. Folka bur i andre høgda. 
I teppet på golvet låg gamlefar i huset, som var sjuk.
Han fekk varmande stråler frå sola, for her var ganske kaldt.
Bak stråveggen stod kua. Heile livet kretsar rundt den opne gardsplassen. 
Landsbyen kan virka tilbakeståande på oss, med uforståelege strame lover og regler, men folk tek vare på kvarandre i eit heilt nødvendig fellesskap. Og så har dei eit velutvikla demokratisk styresett kor alle (menn!) har stemmerett. Store spørsmål må vera einstemmig vedtekne for å verta sett ut i livet. Men ved usemje vert saka tradisjonelt avgjort av heilage menn, som nyt stor vyrdnad og respekt. 
Lagersjefen (82 år) skuar utover riket sitt
All avling vert lagra i det store lageret øvst i landsbyen. Lagersjefen her har stålkontroll, han veg og tel alt som vert innlevert. Før kvar familie får lagra avlingane sine i eigne, avdelte lagerrom, må dei levera frå seg 2,5% til eit kriselager. Lagersjefen bur i lageret året rundt, og får ikkje lov å forlata det utan at einkvan avløyser han den tida han er borte. Har han familie, får dei ikkje sjå mykje til han. 
Glade ungar med nye fargeblyantar
Dei første me møtte då me kom ut or bilane, var forventningsfulle ungar som flokka seg rundt oss, fnisande og forvitne. Skulen var stengt akkurat desse dagane, og det var ungar over alt. Då me kom ned til gata vår, høyrde me nydeleg sang av eit heilt barnekor frå husa lenger nede i gata. "Dei syng for å ønska dykk velkomne" sa Wilfried. Ungar er ungar same kor på kloden dei er - lekne, ertne og glade. Dei visste også at når Wilfried kom med ei ny gruppe, vanka det presanger og pakkar med klede og skor. Gleda smitta, men me oppdaga fort at dei var skikkeleg drevne forhandlarar. "Ikkje gje noko til ein og ein, me gjer til fellesskapet - viss ikkje vert det lett misunning og slossing", var ein av alle formaningane han gav oss.
Rause Sigfred vart fort populær då han opna pengeboka
 Ein lærdom som kom litt seint på fleire i gruppa. Sigfred skulle vera snill og delte ut småmynt. Han kom seg nesten ikkje laus frå forhandlingsdrevne små "business-damer" og "-menn", som hadde auge i nakke og på fingrar etter velmeinande "offer"... 


Trass enkle sanitære forhold, har dei ein luksus som me heilt manglar her nord: hamam - eit tyrkisk bad. Hamam'en i Amassine fann me bak ei lita, grøn tredør inn frå gardsromet. 
Døra inn til hamam'en. Viss stolen stod rett framføre døra, var hamam'en
oppteke. Då kunne me bare legga frå oss handkledet på den, så hadde me
stilt oss i kø. Tilsaman tre menneske kunne vera inne samtidig.
Innanfor døra var det tre rom: i det første romet kledde me av oss, mellomromet var til å henga frå seg handkledet i, mens det inste romet var sjølve hamam'en. Dette romet var så fylt av damp at me måtte stå ei stund for at augene skulle klara skimta noko som helst der inne, bortsett frå den vesle flammen frå eit stearinlys i ein krok. Alt var damp. 
Stearinlys inni sjølve hamam'et. Alt var damp!
Denne kom frå ei stor gryte fylt med vatn over ei grue, som vart oppvarma døgnet rundt. Me blanda varmt og kaldt vatn, såpa oss inn med velduftande oljer blanda med urter og vulkansk oske (peeling), og skylla av ved å hella lunka vatn over oss sjølve frå vakre messingskåler. "Som eit urgamalt rituale" sukka Grete Marie i velvære - ho vart stamgjest i hamam'en. Til alle som kjem forbi ein hamam: gå inn dit, og nyt ein luksus me ikkje får kjøpt her heime. 

fredag 25. mai 2012

Til fjells

Marrakesh ligg på eit stort, ope slettelandskap med dei snødekte Atlasfjella som sceneteppe langt bak i horisonten. Det var dit me skulle. For å koma til fjells, vart me frakta i terrengbilar, fem "land cruiser's" i karavane. Målet var landsbyen Amassine og teppeprosjekt Ait Khozema. Me køyrde denne etappa på to dagar - den siste vegstrekninga på humpete grusvegar, somme stader med rennande småelver tvers over vegen. Alternativet til terrengbilar var kamel eller esel - ikkje akkurat aktuelt for oss...
Me reiste langs ein milevis lang canyon utgravd av elva i botn gjennom tusenvis
av år, med jordhus klistra til dei bratte åsane.
"I desse heimane bur folket. Det er eit sterkt folk..." 
Landskapet er fantastisk! Jorda så rik på jern at ho er heilt rød og står i sterk kontrast mot det irrgrøne, nyspirte graset. Oppetter dei bratte åssidene klistrar jordhusa seg godt fast. Det ser svært karrig ut. Ufatteleg og fascinerande å sjå kor folk klarer setja bu. Dei som bur her oppe i fjella er berberar, det opprinnelege folkeslaget i Marokko, i motsetning til i byane, kor arabarane er i majoritet. 
Jamal. Ein usedvanleg dyktig sjåfør gjennom fire dagar
Jamal var sjåfør i vår bil. Han er berber - og tydeleg stolt av det - men har også ein liten "dasj" arabisk blod i årene, klarte han forklara oss. Forutan berbersk (tashelhit), snakka han arabisk og fransk som begge er obligatoriske språk i den marrokanske skulen (berbersk har ikkje skriftspråk). Men engelsk kunne han kun nokre få ord av.


Janne Berit i Ait-Ben-Haddou, festningby på lista til UNESCOs kulturarv 

Tunga rett i munnen...!!!
På vegen opp til Amassine overnatta me i Ait-Ben-Haddou, ein ksar - eller festningby - langs den gamle karavaneruta mellom Sahara og Marrakesh. Byen og festninga står på UNESCO si kulturarvliste. For å koma opp i sjølve festninga, måtte me kryssa ei elv. Brua var original, men praktisk og stødig: sekker fylt med grus og stein lagt i passe skrittavstand på strategiske plasser over elva. Me som  skulle kryssa over var kanskje ikkje like stødige, men med tunga rett i munnen og litt god fart gjekk det fint. 
Me utforskar festninga innvendig. Sjal eller helst turban påbode pga stikkande sol.
F.v.: Einar, Janne Berit, Klaus, Aud, Heidi, Grete Marie og Gro
Retning Sahara...
Sjølve festninga vert halden ved like av folk som har busett seg der.På veg til toppen for å oppleva utsikta som strekte seg heilt ut mot Sahara, måtte me gjennom eit sant konglomerat av trapper og smaug - og plutseleg hadde me forvilla oss heilt inn i privaten til folk - og måtte snu i døra med ei orsaking på leppene. Dei fastbuande var nok vant med slikt, dei tok det med godt humør og ville med det same gjerne selja oss varer. Eller kjøpa seg ei ung kone... 
"Handelen" kunne starta slik: "Ho der med det lyse, lange håret - er ho i gruppa di?" "Ja - jo, ho er då dotter mi...". "Eg vil gjerne ha henne til kone - eg betaler 1000 kamelar." Han var både myndig og alvorleg." "Nei, du må nok opp i 1500" repliserte eg. "Det er greit, dei har eg rett bakom her - kom og sjå. Deal!" fastslo han. Eg hadde heldigvis lært meg dette ordet som på magisk vis skulle visa seg å løysa opp i fleire flokete situasjonar: "Inch'Allah" (viss Gud vil) svarte eg. Verken lovnad eller avvising. Det løyste opp - igjen!
Mor - du må slutta å selja meg rundt forbi...(!!)
Desse fargerike folka er eit syn for auga og det perfekte fotomotiv. Særleg éin me gjekk forbi fanga merksemda mi - han  lente seg sånn lett slentrande over ein murkant mens han snakka med ein kamerat. Han var fantastisk! Den fargerike turbanen mot den blå himmelen festa seg så sterkt på netthinna mi at eg snudde, gjekk tilbake og spurte: "Kan eg få ta eit bilde av deg?" Det var då eg hamna i spelet om sjela: "Men då tek du ein bit av sjela frå meg!" svarte han alvorleg. Ups! - meinte han alvor? Men så kom det: "Viss du betalar 1000 euro, skal du få ta bildet". "Det var då svært" meinte eg. "Eller kan du skaffa meg ei ung kone, heller?" var neste trekk. Okey, så var me der igjen. "Hm, kanskje..." svarte eg, men lot vera nemna dotter mi igjen. "Kor mykje betalar du i mellom, då?" prøvde eg meg. "1000 kamelar" var tilbodet. "Altfor lite!" (Hah! nå hadde eg erfaring...) snudde meg og ville gå. "Du kan ta bildet!" smilte han. (Yesss!) Og her er det - blinkskotet: 
Fargerik med glimt i auga - villig til å spela turistar eit puss...













"Veit du ikkje at minsteprisen for ei brur er 15000 kamelar, det ti-doble av det du forhandlar om?" spurte Grete Marie lattermildt (ho var meir opplyst enn meg om kamelar som betalingsmiddel) om kvelden, då me sat og fortalde kvarandre historiar om dagens løgne, forunderlege og framandarta hendingar.
Eg veit det nå!  
Stolt og myndig berber på konejakt


Ait-Ben-Haddou er også kjent for andre ting enn listeplass hos UNESCO (les meir om listekreteriane her: http://whc.unesco.org/en/list/444 )
Plassen er ein av Hollywoods svært populære filmlocations, og mange storfilmar er spela inn her, som Babel: http://www.youtube.com/watch?v=syfU7drScwg
Lett å kjenna seg att i landskapet, men stemninga på turen vår var ein ganske annan enn i denne filmen. 
Andre filmar som heilt eller delvis er spela inn i Ait-Ben-Haddou:






tirsdag 15. mai 2012

Ait Khozema

Eg har nemt reiseguiden vår Wilfried, så vidt. Det er på tide å presentera mannen som er opphavet til heile turen på ein skikkeleg måte. 

Professor Wilfried Stanzer
Wilfried Stanzer skapte det marokkanske teppeprosjektet Ait Khozema (Søner av lavendelklanen) for ca 16 år sidan. Prosjektet har sete i den fjerntliggande landsbyen Amassine som ligg i eit vulkansk område på ca 2400 m høgd oppi Atlasfjella. Dette var målet for turen, og det absolutte høgdepunktet. I denne landsbyen, langt frå den såkalla "sivilisasjonen", vert det produsert tepper med teknikkar som går hundrevis av år attende i tid. Teppene er garantert handlaga utan innslag av industiell produksjon. Ulla er farga av planter og røter frå naturen, ein kunnskap som var gått tapt blant folk flest då kjemisk farging kom på moten for nærare hundre år sidan. Wilfried har funne tilbake til gløymt kunnskap, lært kvinnene i landsbyen både den gamle fargeteknikken og den gamle måten å karda ulla på, ved hjelp av kammar (kamgarn), ikkje karding på brett. 


Prosjektet har gitt landsbyen eit viktig levebrød i tillegg til det tradisjonelle jordbruket, og vart avgjerande for livsopphaldet etter ei tre års hard tørketid nyleg, då 80% av dei livgivande dyra gjekk tapt. Folk i Amassine overlevde takka vere teppeprosjektet. Fruktbar hjelp til sjølvhjelp med andre ord. Konstruktivt er det også at prosjektet betaler løn direkte til kvinnene som både vaskar, spinn og knyt/vev teppa. Det er ikkje vanleg at kvinnene får utbetalt rettmessig løn her, men når dei sjølve får hand om inntekta, betrar det livssituasjonen for heile familien. Dei kan kjøpa naudsynte ting til barna, som skor, og dei får råd til å gifta bort døtrene sine. I tillegg har prosjektet fått til ei ordning med regelmessig legebesøk til kvinner og barn i landsbyen. Og ikkje minst: etterspurnaden etter kvalitetsteppa gjer at folket i Amassine får høve til å leva eit verdig liv og overlevda i denne barske naturen utan å måtte forlata landsbyen for å skaffa levebrød i byane. Dét er hardt på ein annan måte enn livet i landsbyen. 
Fatima! Kjempestolt jente med nye
(brukte) skor


Gjennom Wilfried sin enorme kunnskap, erfaring og evne til samhandling og kommunikasjon på tvers over nesten uoverstigelege kulturelle kløfter, har prosjektet fått ringverknader som er imponerande. Kor omfattande det er, gjekk gradvis opp for oss. Og for å forstå det, er ein nødt å læra mannen bak prosjektet å kjenna. 


Det hender ein møter enkeltmenneske som verkeleg "gjer ein skilnad" for mange, mange andre. Wilfried Stanzer er eit sånt menneske - eg vil nesten kalla han eit universal-menneske - med ein altomgripande kunstnerisk, kulturell og sosial filosofi som han dertil har evne å gjennomføra. Og alltid "laid back", same kor utfordrande situasjonen var! (men han reagerte sterkt på uhøvla åtferd). Det var ei ære å få verta kjent med han, ta del i prosjektet hans og verta ønska velkomen av menneska i landsbyen "hans" - alt under hans kyndige oppsyn og venlege og omtenksame vesen. "Come into my arms" sa han og opna armane mot oss når han skulle fortelja oss eitkvart: om kvardagsliv frå helseritual og kledekodar til dogåing over eit hol i golvet, frå fauna og flora der oppi Atlasfjella til historiske hendingar og religiøse praksisar. Og om sin eigen kjærleik til Ait Khozema-prosjektet - det ektefødde barnet hans. Og så dei vidunderlege teppa! Meir her: http://www.spongobongo.com/em/em9625.htm

Teppet eg kjøpte har 156.060 knutar. Knytt i Amassine av Ait Hamd Outalbe Fadayla.
Mønsteret heiter "Rehamna Raute"med typisk berbersk symbolikk.

Eg skjønar nå kvifor Helga så gjerne villa visa oss alt dette. Det er ein klisjé, men sant:  det må opplevast!  Derfor sel ho ikkje bare teppene, men også historiane når du tek turen innom Galleri Dobag. Historiane hennar er ekte. Som teppene frå prosjektet Ait Khozema er garantert ekte vare. Du får dei med garanti og sertifikat.  

søndag 13. mai 2012


Slangetemmarar, bønerop og eggjande menn med slør 
Etter at sola har gått ned i sjutida skjer ei forvandling av byen, og då særleg på det store torget Djemaa el-Fna. For inntil hundre år sidan vart plassen brukt til henrettingar, med dei ulukksalege sine hovud stilt til offentleg skue etterpå. Heldigvis er det slutt på dette barbariet. 

Nå, ved skumringstid, vert torget heller innhylla i ein magi som lett kan minna om 1001-natt. Me gjekk inn i ei orientalsk eventyrverd.

Den 70 m høge minareten, ferdigbygd på 1100-talet
Det første som slår oss er synet av og bøneropa frå den opplyste, nesten 1000 år gamle minareten ved sida av Koutoubia-moskéen. Den er synleg frå mangfaldige kilometers avstand, og må ha vore ltt av eit skue for folk på reise med karavanane sine opp gjennom tidene. Herifrå vert det ropt ut bøner og påminning om bønetid. Til saman ni rop frå minareten i døgnet. Påminning om bøna ved skumringstid vert ikkje annonsert. Alle passar denne bønetida sjølv når dei ser mørkret senkar seg. Marokko er eit gjennomført muslimsk land. 

Musikarar med stort publikum.
Til høgre ein av desse aggressive pengeinnsamlarane. 
Mens bønene hjallar frå minareten, vert torget like fullt omskapt til ei mørk og dunkel teaterscene med aktørar som pirrar, forfører og utfordrar, innhylla i kaskader av stemmer, musikk og intenst suggererande trommevirvlar. Her finn du historieforteljarar, gjøglarar, hennatatovører, daddelseljarar, dansande menn i kjole og slør, skopussarar og tiggarar i ei salig blanding. Alle aktørane med store ringar av skodelystne rundt seg, og alt innvevd av eksotiske dufter frå mangetals dampande gatekjøkken. 
Menn utkledd som kvinner dansar
Tusenvis av folk samlar seg på denne enorme plassen, kvar kveld, 365 dagar i året. Og dei aller fleste er innfødde marokkanarar. Turistane utgjer kun eit mindretal, men vert likevel nøye observerte av aktørane. For dei skal ha pengar! Pengar for at me ser, pengar for at me høyrer - og ikkje minst: pengar for at me fotograferer. Med det nyinnkjøpte kameraet mitt zooma eg inn ein slangetemmar som spela fløyte for to kobraslangar. Men fyren hadde auge i nakken - blitzen var ikkje eingong sløkt før han var på beina med aggresivt krav om pengar for seansen. Eg hadde ingen pengar - og kom meg unna i ein fart. 
Slangetemmaren på torget Djemaa el-Fna
Verre var det med ein annan i reisefølget som bare så vidt unnslapp å få ein slange kveilt rundt halsen. 


Eg lærte noko av dette, og følgde sidan nøye med på råda frå kjentmannen Wilfried, om korleis me skulle oppføra oss - og spela med i dei reglane som gjeld: "Ikkje fotografér utan å betala litt først, men la første tilbod stå - marokkanrane er drevne forhandlarar. Etter islamsk kultur og tru tek du noko av sjela frå eit menneske når du fotograferer han, derfor må du gje noko tilbake" forklarte han oss. Etter dette hadde eg alltid myntar tilgjengelg i lomma. Men seinare, oppe i Atlasfjella, skulle eg få oppleva litt av eit spel med den "tapte sjela" som forhandlingskort - eit skodespel som likevel til slutt gav meg eit blinkskòt av eit bilde - heilt gratis! (kjem seinare) Å fotografera kvinner, derimot, er forbode - og mangel på respekt, særleg på landsbygda. Og dét var alvor! 

Boder og utekaféar låg tett i tett. Her samlast familiar og venner til felles måltid om kveldane.
Eit opphald i Marrakesh "by night" er ei intens oppleving, nesten uverkeleg spektakulært! 

lørdag 12. mai 2012

Souk'en

Fargerikt

Dei rosa husveggene og røde taksteinane me ser kor me enn snur oss, gir byen ein særeigen glød. Marrakesh vert då også kalla "Den rosa byen". 

Og eit eldorado for den som er ute på handel! Souk'en - marknaden - tilbyr eit utval av varer me ikkje finn i noko handlesenter her i landet. Det meste handverk av ulikt slag, men også krydder og oliven, olje, frukt og kjøt. Men vèr obs! Her kan du bli lurt til å kjøpa dei mest utspekulerte forfalskingar - som måla sebraskinn, utblanda olje og krydder, og musikk utan cd-plater - til stive prisar. 

Lisa med ny romsleg veske

Men er du i lag med kjentfolk som veit kva du skal sjå etter, kan du få utsøkt handverk, skreddarsydde kjolar og skjorter, trearbeid i nydeleg mønster, smykker, keramikk, skinnskor og -vesker til ein rimeleg penge. Ei ekstra veske kan jo alltid koma godt med etter timar i souk'en. Lisa tok konsekvensen av det!

Å ha med kjentfolk er nyttig også av andre grunnar: souk'en er nesten umulig å finna fram i. Etter nokre timar i denne labyrinten går ein seg ganske vill. Eg hadde aldri klart å finna vegen ut derifrå på eiga hand... 

Sigfred fann mykja å kjøpa - men vart det lampe??
Oliven estetisk dandert i krukker og på fat. Eg trudde eg hadde fotografert
seljaren usedd, men han var kjappare: "Eg tok eit bilde av deg mens du
fotografert meg. Vil du sjå?" smilte han og viste meg mobilen sin...:-))
Urter, krydder og tørka roseknoppar. Seljaren er 3.generasjons fagmann i yrket.
(i motsetning til andre som er heilt utan kunnskap)
Mange urter og krydder vert nytta til medisinsk bruk såvel som til matlaging. 


Godt handverk
Gravering av mønster før innfellinga av utskorne symbol

Wilfried viste veg i mylderet av verkstad inni alle krikar og krær, og tok oss m.a. med ein plass kor me fekk sjå nydeleg handarbeidde bord under arbeid. Lyst kirsebærtre vert nedfelt i utgravert, mørkt mahogny. Det same med skrin, vasar, kister og all anna slags vakkert trearbeid, enkelte også med innfelt perlemor. Etter pussing og lakking står dei ferdige produkta og glør mot oss i hyllene. Å sjå denne prosessen - handlaget, tolmotet og det solide handverket, gjer ein imponert. Som turist er det ikkje lett å skilja godt frå dårleg, ein må kunne sjå! Dette var ekte vare. Og sett med norske auge: svært billig! Mangel på koffertplass var det som avgjorde handel eller ikkje.

Pussa og klar for lakkering
Ferdige produkt