Me reiste langs ein milevis lang canyon utgravd av elva i botn gjennom tusenvis av år, med jordhus klistra til dei bratte åsane. "I desse heimane bur folket. Det er eit sterkt folk..." |
Jamal. Ein usedvanleg dyktig sjåfør gjennom fire dagar |
Janne Berit i Ait-Ben-Haddou, festningby på lista til UNESCOs kulturarv |
Tunga rett i munnen...!!! |
På vegen opp til Amassine overnatta me i Ait-Ben-Haddou, ein ksar - eller festningby - langs den gamle karavaneruta mellom Sahara og Marrakesh. Byen og festninga står på UNESCO si kulturarvliste. For å koma opp i sjølve festninga, måtte me kryssa ei elv. Brua var original, men praktisk og stødig: sekker fylt med grus og stein lagt i passe skrittavstand på strategiske plasser over elva. Me som skulle kryssa over var kanskje ikkje like stødige, men med tunga rett i munnen og litt god fart gjekk det fint.
Me utforskar festninga innvendig. Sjal eller helst turban påbode pga stikkande sol. F.v.: Einar, Janne Berit, Klaus, Aud, Heidi, Grete Marie og Gro |
Retning Sahara... |
Sjølve festninga vert halden ved like av folk som har busett seg der.På veg til toppen for å oppleva utsikta som strekte seg heilt ut mot Sahara, måtte me gjennom eit sant konglomerat av trapper og smaug - og plutseleg hadde me forvilla oss heilt inn i privaten til folk - og måtte snu i døra med ei orsaking på leppene. Dei fastbuande var nok vant med slikt, dei tok det med godt humør og ville med det same gjerne selja oss varer. Eller kjøpa seg ei ung kone...
"Handelen" kunne starta slik: "Ho der med det lyse, lange håret - er ho i gruppa di?" "Ja - jo, ho er då dotter mi...". "Eg vil gjerne ha henne til kone - eg betaler 1000 kamelar." Han var både myndig og alvorleg." "Nei, du må nok opp i 1500" repliserte eg. "Det er greit, dei har eg rett bakom her - kom og sjå. Deal!" fastslo han. Eg hadde heldigvis lært meg dette ordet som på magisk vis skulle visa seg å løysa opp i fleire flokete situasjonar: "Inch'Allah" (viss Gud vil) svarte eg. Verken lovnad eller avvising. Det løyste opp - igjen!
Mor - du må slutta å selja meg rundt forbi...(!!) |
Desse fargerike folka er eit syn for auga og det perfekte fotomotiv. Særleg éin me gjekk forbi fanga merksemda mi - han lente seg sånn lett slentrande over ein murkant mens han snakka med ein kamerat. Han var fantastisk! Den fargerike turbanen mot den blå himmelen festa seg så sterkt på netthinna mi at eg snudde, gjekk tilbake og spurte: "Kan eg få ta eit bilde av deg?" Det var då eg hamna i spelet om sjela: "Men då tek du ein bit av sjela frå meg!" svarte han alvorleg. Ups! - meinte han alvor? Men så kom det: "Viss du betalar 1000 euro, skal du få ta bildet". "Det var då svært" meinte eg. "Eller kan du skaffa meg ei ung kone, heller?" var neste trekk. Okey, så var me der igjen. "Hm, kanskje..." svarte eg, men lot vera nemna dotter mi igjen. "Kor mykje betalar du i mellom, då?" prøvde eg meg. "1000 kamelar" var tilbodet. "Altfor lite!" (Hah! nå hadde eg erfaring...) snudde meg og ville gå. "Du kan ta bildet!" smilte han. (Yesss!) Og her er det - blinkskotet:
Fargerik med glimt i auga - villig til å spela turistar eit puss... |
"Veit du ikkje at minsteprisen for ei brur er 15000 kamelar, det ti-doble av det du forhandlar om?" spurte Grete Marie lattermildt (ho var meir opplyst enn meg om kamelar som betalingsmiddel) om kvelden, då me sat og fortalde kvarandre historiar om dagens løgne, forunderlege og framandarta hendingar.
Eg veit det nå!
Eg veit det nå!
Stolt og myndig berber på konejakt |
Ait-Ben-Haddou er også kjent for andre ting enn listeplass hos UNESCO (les meir om listekreteriane her: http://whc.unesco.org/en/list/444 )
Plassen er ein av Hollywoods svært populære filmlocations, og mange storfilmar er spela inn her, som Babel: http://www.youtube.com/watch?v=syfU7drScwg
Lett å kjenna seg att i landskapet, men stemninga på turen vår var ein ganske annan enn i denne filmen.
Andre filmar som heilt eller delvis er spela inn i Ait-Ben-Haddou:
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar