Frå lufta var det ikkje så spesielt å koma innover det afrikanske landskapet - i byrjinga. Men etterkvart vart eg merksam på nokre rare firkantar, klumpvis og usystematisk sette saman langt der nede. Eg trudde først det var inngjerdingar for dyr, men kunne ikkje heilt forstå det heller. Eg lærte snart at dette var tradisjonelle marokkanske hus - som me skulle stifta svært så nært kjennskap til.
Dei
fleste husa på landsbygda er laga av tørka leire (jord blanda med
vatn og strå) - miljøvennlege som få: veggane kjennest ikkje kalde
om vinteren - som stein eller mur - eller blir for varme om sommaren.
Dessutan har dei ekstremt miljømessig rivingspotensiale: ved forfall
smeltar dei berre ned og forsvinn inn i naturen att. Så dei
"antikke" ruinane me såg overalt, var altså nyare hus som
mangla vedlikehald etter regn.
Marrakesh
Flyplassen i Marrakesh er definitivt annleis enn dei eg har landa på før. Heile atmosfæren, arkitekturen og dei arabiske skriftteikna gjorde den eksotisk, i mine auge. Men dei som har sett filmen "Sex and the City 2" vil kjenna seg att (seiest det).

Og
på flyplassen venta Helga på oss med opne armar og ein "bjørneklem"
til alle. "Dette har eg venta på i to år, å få ta imot dokke
her nede" strålte ho, og førte oss inn i ein ventande buss,
kor det vanka informasjon og vannflasker m/namnelappar på til kvar.
"Kor langt er det inn til byen?" ville me veta. "Åh,
sånn ca 10 min normal reisetid, men i rushtrafikken som nå...,
vanskeleg å seia" fekk me til svar.
Det fekk me erfara til fulle. Dei ti minutta vart til over ein time før me var framme i medinaen - bykjerna. For her kan alt skje: som at fire felts veg med to køyrefelt i kvar retning brått vart forvandla til eitt felt den eine retninga og tre den andre; kor trafikken i rundkøyringa stod bom fast fordi eit ulukkeleg muldyr med kjerre hadde mista eine hjulet - akkurat der; eller fordi ein familie med ungar og gamle bare måtte kryssa det hardt traffikerte kaoset der og då! - til fots eller fem på ein moped. Og slikt tek jo si tid, må véta! Men det gjekk godt, om litt seint. "Inch'Allah!"

Helga budde i ei lita sidegate ved hotellet vårt mens ho venta på oss. Gata har eit yrande liv om kveldane, butikkane ligg tett i tett med eit variert tilbod av gatekjøkkenmat og varer av alle slag, av tiggarar, karossakjerrer og ikkje minst iltre mopedistar som plutseleg kom susande forbi i trengsla. Mannen i blå kjortel og kvit turban i bildet over er "kjøpmannen på hjørnet", og som gode naboar gjer, slår han av ein prat med naboen sin og helsar på dei nyankomne gjestene hennar (som her tydeleg ber preg av å vera nettopp det: nyankomne...)
Same gata morgonen etter |
"Bonjour!" :-)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar