![]() |
Professor Wilfried Stanzer |
Prosjektet har gitt landsbyen eit viktig levebrød i tillegg til det tradisjonelle jordbruket, og vart avgjerande for livsopphaldet etter ei tre års hard tørketid nyleg, då 80% av dei livgivande dyra gjekk tapt. Folk i Amassine overlevde takka vere teppeprosjektet. Fruktbar hjelp til sjølvhjelp med andre ord. Konstruktivt er det også at prosjektet betaler løn direkte til kvinnene som både vaskar, spinn og knyt/vev teppa. Det er ikkje vanleg at kvinnene får utbetalt rettmessig løn her, men når dei sjølve får hand om inntekta, betrar det livssituasjonen for heile familien. Dei kan kjøpa naudsynte ting til barna, som skor, og dei får råd til å gifta bort døtrene sine. I tillegg har prosjektet fått til ei ordning med regelmessig legebesøk til kvinner og barn i landsbyen. Og ikkje minst: etterspurnaden etter kvalitetsteppa gjer at folket i Amassine får høve til å leva eit verdig liv og overlevda i denne barske naturen utan å måtte forlata landsbyen for å skaffa levebrød i byane. Dét er hardt på ein annan måte enn livet i landsbyen.
![]() |
Fatima! Kjempestolt jente med nye (brukte) skor |
Gjennom Wilfried sin enorme kunnskap, erfaring og evne til samhandling og kommunikasjon på tvers over nesten uoverstigelege kulturelle kløfter, har prosjektet fått ringverknader som er imponerande. Kor omfattande det er, gjekk gradvis opp for oss. Og for å forstå det, er ein nødt å læra mannen bak prosjektet å kjenna.
Det hender ein møter enkeltmenneske som verkeleg "gjer ein skilnad" for mange, mange andre. Wilfried Stanzer er eit sånt menneske - eg vil nesten kalla han eit universal-menneske - med ein altomgripande kunstnerisk, kulturell og sosial filosofi som han dertil har evne å gjennomføra. Og alltid "laid back", same kor utfordrande situasjonen var! (men han reagerte sterkt på uhøvla åtferd). Det var ei ære å få verta kjent med han, ta del i prosjektet hans og verta ønska velkomen av menneska i landsbyen "hans" - alt under hans kyndige oppsyn og venlege og omtenksame vesen. "Come into my arms" sa han og opna armane mot oss når han skulle fortelja oss eitkvart: om kvardagsliv frå helseritual og kledekodar til dogåing over eit hol i golvet, frå fauna og flora der oppi Atlasfjella til historiske hendingar og religiøse praksisar. Og om sin eigen kjærleik til Ait Khozema-prosjektet - det ektefødde barnet hans. Og så dei vidunderlege teppa! Meir her: http://www.spongobongo.com/em/em9625.htm
Teppet eg kjøpte har 156.060 knutar. Knytt i Amassine av Ait Hamd Outalbe Fadayla. Mønsteret heiter "Rehamna Raute"med typisk berbersk symbolikk. |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar