lørdag 12. mai 2012

Souk'en

Fargerikt

Dei rosa husveggene og røde taksteinane me ser kor me enn snur oss, gir byen ein særeigen glød. Marrakesh vert då også kalla "Den rosa byen". 

Og eit eldorado for den som er ute på handel! Souk'en - marknaden - tilbyr eit utval av varer me ikkje finn i noko handlesenter her i landet. Det meste handverk av ulikt slag, men også krydder og oliven, olje, frukt og kjøt. Men vèr obs! Her kan du bli lurt til å kjøpa dei mest utspekulerte forfalskingar - som måla sebraskinn, utblanda olje og krydder, og musikk utan cd-plater - til stive prisar. 

Lisa med ny romsleg veske

Men er du i lag med kjentfolk som veit kva du skal sjå etter, kan du få utsøkt handverk, skreddarsydde kjolar og skjorter, trearbeid i nydeleg mønster, smykker, keramikk, skinnskor og -vesker til ein rimeleg penge. Ei ekstra veske kan jo alltid koma godt med etter timar i souk'en. Lisa tok konsekvensen av det!

Å ha med kjentfolk er nyttig også av andre grunnar: souk'en er nesten umulig å finna fram i. Etter nokre timar i denne labyrinten går ein seg ganske vill. Eg hadde aldri klart å finna vegen ut derifrå på eiga hand... 

Sigfred fann mykja å kjøpa - men vart det lampe??
Oliven estetisk dandert i krukker og på fat. Eg trudde eg hadde fotografert
seljaren usedd, men han var kjappare: "Eg tok eit bilde av deg mens du
fotografert meg. Vil du sjå?" smilte han og viste meg mobilen sin...:-))
Urter, krydder og tørka roseknoppar. Seljaren er 3.generasjons fagmann i yrket.
(i motsetning til andre som er heilt utan kunnskap)
Mange urter og krydder vert nytta til medisinsk bruk såvel som til matlaging. 


Godt handverk
Gravering av mønster før innfellinga av utskorne symbol

Wilfried viste veg i mylderet av verkstad inni alle krikar og krær, og tok oss m.a. med ein plass kor me fekk sjå nydeleg handarbeidde bord under arbeid. Lyst kirsebærtre vert nedfelt i utgravert, mørkt mahogny. Det same med skrin, vasar, kister og all anna slags vakkert trearbeid, enkelte også med innfelt perlemor. Etter pussing og lakking står dei ferdige produkta og glør mot oss i hyllene. Å sjå denne prosessen - handlaget, tolmotet og det solide handverket, gjer ein imponert. Som turist er det ikkje lett å skilja godt frå dårleg, ein må kunne sjå! Dette var ekte vare. Og sett med norske auge: svært billig! Mangel på koffertplass var det som avgjorde handel eller ikkje.

Pussa og klar for lakkering
Ferdige produkt

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar