søndag 13. mai 2012


Slangetemmarar, bønerop og eggjande menn med slør 
Etter at sola har gått ned i sjutida skjer ei forvandling av byen, og då særleg på det store torget Djemaa el-Fna. For inntil hundre år sidan vart plassen brukt til henrettingar, med dei ulukksalege sine hovud stilt til offentleg skue etterpå. Heldigvis er det slutt på dette barbariet. 

Nå, ved skumringstid, vert torget heller innhylla i ein magi som lett kan minna om 1001-natt. Me gjekk inn i ei orientalsk eventyrverd.

Den 70 m høge minareten, ferdigbygd på 1100-talet
Det første som slår oss er synet av og bøneropa frå den opplyste, nesten 1000 år gamle minareten ved sida av Koutoubia-moskéen. Den er synleg frå mangfaldige kilometers avstand, og må ha vore ltt av eit skue for folk på reise med karavanane sine opp gjennom tidene. Herifrå vert det ropt ut bøner og påminning om bønetid. Til saman ni rop frå minareten i døgnet. Påminning om bøna ved skumringstid vert ikkje annonsert. Alle passar denne bønetida sjølv når dei ser mørkret senkar seg. Marokko er eit gjennomført muslimsk land. 

Musikarar med stort publikum.
Til høgre ein av desse aggressive pengeinnsamlarane. 
Mens bønene hjallar frå minareten, vert torget like fullt omskapt til ei mørk og dunkel teaterscene med aktørar som pirrar, forfører og utfordrar, innhylla i kaskader av stemmer, musikk og intenst suggererande trommevirvlar. Her finn du historieforteljarar, gjøglarar, hennatatovører, daddelseljarar, dansande menn i kjole og slør, skopussarar og tiggarar i ei salig blanding. Alle aktørane med store ringar av skodelystne rundt seg, og alt innvevd av eksotiske dufter frå mangetals dampande gatekjøkken. 
Menn utkledd som kvinner dansar
Tusenvis av folk samlar seg på denne enorme plassen, kvar kveld, 365 dagar i året. Og dei aller fleste er innfødde marokkanarar. Turistane utgjer kun eit mindretal, men vert likevel nøye observerte av aktørane. For dei skal ha pengar! Pengar for at me ser, pengar for at me høyrer - og ikkje minst: pengar for at me fotograferer. Med det nyinnkjøpte kameraet mitt zooma eg inn ein slangetemmar som spela fløyte for to kobraslangar. Men fyren hadde auge i nakken - blitzen var ikkje eingong sløkt før han var på beina med aggresivt krav om pengar for seansen. Eg hadde ingen pengar - og kom meg unna i ein fart. 
Slangetemmaren på torget Djemaa el-Fna
Verre var det med ein annan i reisefølget som bare så vidt unnslapp å få ein slange kveilt rundt halsen. 


Eg lærte noko av dette, og følgde sidan nøye med på råda frå kjentmannen Wilfried, om korleis me skulle oppføra oss - og spela med i dei reglane som gjeld: "Ikkje fotografér utan å betala litt først, men la første tilbod stå - marokkanrane er drevne forhandlarar. Etter islamsk kultur og tru tek du noko av sjela frå eit menneske når du fotograferer han, derfor må du gje noko tilbake" forklarte han oss. Etter dette hadde eg alltid myntar tilgjengelg i lomma. Men seinare, oppe i Atlasfjella, skulle eg få oppleva litt av eit spel med den "tapte sjela" som forhandlingskort - eit skodespel som likevel til slutt gav meg eit blinkskòt av eit bilde - heilt gratis! (kjem seinare) Å fotografera kvinner, derimot, er forbode - og mangel på respekt, særleg på landsbygda. Og dét var alvor! 

Boder og utekaféar låg tett i tett. Her samlast familiar og venner til felles måltid om kveldane.
Eit opphald i Marrakesh "by night" er ei intens oppleving, nesten uverkeleg spektakulært! 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar