Landsbyen Amassine. Her med den eine av dei to minaretar. I bakgrunnen skimtar me snødekte Atlasfjell |
"Nå er me heime" sa Helga etter at me hadde stolpra oss nedetter humpete "gater", og viste oss inn ei dør. Me var tause og glanande. Huset hadde tre etasjer. Me vart installert i øvste etasje i eit stort rom inndelt i smårom av fargerike tepper hengande frå snorer i taket. Romet var kun opplyst av ei einsleg lyspære som vart sløkt om natta. Elektrisiteten kom hit for bare 3-4 år sidan, og folk er sparsommelege med bruken. Lommelykt var eit "must".
Me fekk tildelt kvar vår madrass på golvet. Romet var iskaldt, men vart lunka litt opp før sengetid av ein liten gassomn som vart sløkt då me gjekk til køys. Toalettet var eit hol i golvet i første etasje og "badet" vasskjeler med varmt og kaldt vatn ute i gardsromet ved sokkeletasjen. Me vaska hender og pussa tenner mens me skylte og spytta oppi ei stor tønne ved sida av. Avfallsvatnet nytta dei til gjødsel. I øvste etasje var også ein stor overbygd terrasse kor me fekk servert måltida våre. Verda var totalt framand. Her skulle me bu! Men trass det framandarta - og for oss "primitive" levesettet - er dette eitt av dei finaste opphalda eg nokon gong har hatt på reise.
Me var framleis stille då me samlas på den overbygde terrassen i andre høgda i huset. "Dette er heilt som det skal vera" forklarte Helga. "Alle vert litt andektige første gong dei kjem hit."
Landsbyen kan virka tilbakeståande på oss, med uforståelege strame lover og regler, men folk tek vare på kvarandre i eit heilt nødvendig fellesskap. Og så har dei eit velutvikla demokratisk styresett kor alle (menn!) har stemmerett. Store spørsmål må vera einstemmig vedtekne for å verta sett ut i livet. Men ved usemje vert saka tradisjonelt avgjort av heilage menn, som nyt stor vyrdnad og respekt.
All avling vert lagra i det store lageret øvst i landsbyen. Lagersjefen her har stålkontroll, han veg og tel alt som vert innlevert. Før kvar familie får lagra avlingane sine i eigne, avdelte lagerrom, må dei levera frå seg 2,5% til eit kriselager. Lagersjefen bur i lageret året rundt, og får ikkje lov å forlata det utan at einkvan avløyser han den tida han er borte. Har han familie, får dei ikkje sjå mykje til han.
Dei første me møtte då me kom ut or bilane, var forventningsfulle ungar som flokka seg rundt oss, fnisande og forvitne. Skulen var stengt akkurat desse dagane, og det var ungar over alt. Då me kom ned til gata vår, høyrde me nydeleg sang av eit heilt barnekor frå husa lenger nede i gata. "Dei syng for å ønska dykk velkomne" sa Wilfried. Ungar er ungar same kor på kloden dei er - lekne, ertne og glade. Dei visste også at når Wilfried kom med ei ny gruppe, vanka det presanger og pakkar med klede og skor. Gleda smitta, men me oppdaga fort at dei var skikkeleg drevne forhandlarar. "Ikkje gje noko til ein og ein, me gjer til fellesskapet - viss ikkje vert det lett misunning og slossing", var ein av alle formaningane han gav oss.
Ein lærdom som kom litt seint på fleire i gruppa. Sigfred skulle vera snill og delte ut småmynt. Han kom seg nesten ikkje laus frå forhandlingsdrevne små "business-damer" og "-menn", som hadde auge i nakke og på fingrar etter velmeinande "offer"...
Trass enkle sanitære forhold, har dei ein luksus som me heilt manglar her nord: hamam - eit tyrkisk bad. Hamam'en i Amassine fann me bak ei lita, grøn tredør inn frå gardsromet.
Innanfor døra var det tre rom: i det første romet kledde me av oss, mellomromet var til å henga frå seg handkledet i, mens det inste romet var sjølve hamam'en. Dette romet var så fylt av damp at me måtte stå ei stund for at augene skulle klara skimta noko som helst der inne, bortsett frå den vesle flammen frå eit stearinlys i ein krok. Alt var damp.
Denne kom frå ei stor gryte fylt med vatn over ei grue, som vart oppvarma døgnet rundt. Me blanda varmt og kaldt vatn, såpa oss inn med velduftande oljer blanda med urter og vulkansk oske (peeling), og skylla av ved å hella lunka vatn over oss sjølve frå vakre messingskåler. "Som eit urgamalt rituale" sukka Grete Marie i velvære - ho vart stamgjest i hamam'en. Til alle som kjem forbi ein hamam: gå inn dit, og nyt ein luksus me ikkje får kjøpt her heime.
Me fekk tildelt kvar vår madrass på golvet. Romet var iskaldt, men vart lunka litt opp før sengetid av ein liten gassomn som vart sløkt då me gjekk til køys. Toalettet var eit hol i golvet i første etasje og "badet" vasskjeler med varmt og kaldt vatn ute i gardsromet ved sokkeletasjen. Me vaska hender og pussa tenner mens me skylte og spytta oppi ei stor tønne ved sida av. Avfallsvatnet nytta dei til gjødsel. I øvste etasje var også ein stor overbygd terrasse kor me fekk servert måltida våre. Verda var totalt framand. Her skulle me bu! Men trass det framandarta - og for oss "primitive" levesettet - er dette eitt av dei finaste opphalda eg nokon gong har hatt på reise.
Sengemadrassen min med teppevegger rundt |
Helga ønsker velkommen til Amassine. Her attmed "badet" ved gardsromet |
Terrassen kor me fekk servert måltida våre - alltid etterfølgd av myntete |
Lisa. Frå terrassen med utsikt over Amassine. |
Dei tradisjonelle husa er bygd rundt eit ope firkanta gardsrom, kor dyra har opphaldsplass: kyr, sauer og høns. Folka bur i andre høgda. |
I teppet på golvet låg gamlefar i huset, som var sjuk. Han fekk varmande stråler frå sola, for her var ganske kaldt. Bak stråveggen stod kua. Heile livet kretsar rundt den opne gardsplassen. |
![]() |
Lagersjefen (82 år) skuar utover riket sitt |
Glade ungar med nye fargeblyantar |
Rause Sigfred vart fort populær då han opna pengeboka |
Trass enkle sanitære forhold, har dei ein luksus som me heilt manglar her nord: hamam - eit tyrkisk bad. Hamam'en i Amassine fann me bak ei lita, grøn tredør inn frå gardsromet.
Innanfor døra var det tre rom: i det første romet kledde me av oss, mellomromet var til å henga frå seg handkledet i, mens det inste romet var sjølve hamam'en. Dette romet var så fylt av damp at me måtte stå ei stund for at augene skulle klara skimta noko som helst der inne, bortsett frå den vesle flammen frå eit stearinlys i ein krok. Alt var damp.
Stearinlys inni sjølve hamam'et. Alt var damp! |