tirsdag 8. mai 2012

MAROKKO : fargar, dufter, magi - og ikkje minst tepper!



Me har vore på ei eventyrreis til nordafrikanske Marokko. Saman med ei gruppe på tjue fekk eg oppleva både landet og kulturen, maten og folket. Men mest av alt vart det ei reis inn i ei verd av teppekunst basert på fleire hundre år gamle tradisjonar, mønstre og fargar. Det er dette eg aller mest har lyst å dela med andre. Men opplevingane var så mange og så fargerike i dobbel forstand, at eg også må ta med andre deler av turen.


Kven "me" er, vil koma fram etterkvart som skrivinga skrid fram. Innlegga vil koma sporadisk, alt etter kva tid eg har til publisering.  Alle innlegga vil uansett henga saman som ei lang forteljing.

Sjølv om reisa var ei fellesoppleving med alle dei andre i gruppa, vil teksten sjølvsagt bera preg av at dette er mine personlege inntrykk, tankar og kjensler. 

Viss du har lyst å bli med på tur, er du hermed hjarteleg invitert!




Eit spontant innfall
Reisa til Marokko våren 2012 starta eigentleg ein hustren novemberdag halvanna år tidligare. Ein halvgalen konsekvens etter  ein grå ettermiddagstur med Jar-trikken i Oslo. Eg skulle besøka kusina min, Helga, på arbeidsplassen hennar, Galleri Dobag. Her sel dei orientalske tepper - så pass visste eg, men ikkje så mykje meir. Med meg på trikken var studenten Lisa, dotter mi. 


Helga hadde ikkje behøvd å fortelja oss adressa. Då trikken passerte ein tømra sveitservilla kor farga garnhesplar hang i tregreinene og tepper låg dandert over gjerdet i hagen, var eg ikkje i tvil: "Her er arbeidsplassen til Helga!" Helga er nemlig dedikert til design med garn og strikkepinnar.


Galleri Dobag, Oslo


Men hos Dobag går det i tepper som ho er med å kjøpa inn frå Tyrkia og Marokko, og har dei siste åra hatt mange turar dit. Særleg var opplevingar frå Marokko sterke. Derfor hadde ho slik lyst å dela desse med dei som står henne nær, "dei som er mine" som ho sjølv uttrykte det. 
Teppehandlar Helga!


Så dét haldt ho på med, denne novemberdagen, å "sy" saman ein tur for familiemedlemmer og venner - nettopp til Marokko. Det var ganske tilfeldig at me skulle dukka opp akkurat då. Me melde oss spontant på turen, begge to! Deretter ringde eg til kollega og venninne, Janne Berit: "Set av ei friveke om halvanna år, me skal til Afrika!" "Okay" svara ho.  
Janne Berit


Kva me hadde takka ja til, kunne eg ikkje fantasera meg til ein gong. Reisa til Marokko vart annleis enn dei fleste andre turar. Og eg har vore på ein del...




3 kommentarer: